Legitimasjonskrav ved nytt kundeforhold i bank
Bankar og finansinstitusjonar er pålagde ved lov å gjennomføra kundekontroll.
Kvitvaskingslova
Styresmaktene har fastsett minstekrava til kva banken skal krevja av dokumentasjon i samband med skiping av ein konto og anna kundeforhold i kvitvaskingslova med tilhøyrande forskrifter, med rettleiing gitt av Finanstilsynet i rundskriv nr. 24/2016
Banknæringa har på si side fastsett liknande kontrollreglar. Det er krav om pass ved utferding av bankane sine eigne banklegitimasjonar, anten bankkort med bilete eller BankID.
Kvitvaskingslova med forskrifter stiller absolutte krav til identitets- og legitimasjonskontroll når eit kundeforhold skal etablerast i ein bank. Lova er bygd på internasjonale reglar (EUs kvitvaskingsdirektiv og The Financial Action Task Force (FATF)), og er basert på at banken eller finansinstitusjonen skal ”kjenna kunden sin”.
Bankar skal ved skiping av konto gjennomføra nøye kundekontroll, mellom anna krevja gyldig legitimasjon av kunden, som normalt må møta opp personleg i banken. Kvitvaskingsforskrifta stiller opp detaljerte krav til innhald og utforming av ”gyldig legitimasjon” for fysiske personar.
Ved mangelfull legitimasjon eller tvil om identiteten til kunden skal banken nekta å etablera kundeforholdet.
Kvitvaskingslova opnar for at kundeforhold også kan etablerast ved bruk av elektronisk legitimasjon.
Gyldig legitimasjon
Gyldig legitimasjon for fysiske personar er etter Finanstilsynets oppfatning:
- Pass (ikkje nødpass)
- Førarkort
- Bankkort med bilete
- Nasjonale ID-kort utskrive av eit EØS-land (ei oversikt over desse kjem fram av utlendingsforskrifta vedlegg 4)
- Norsk utlendingspass (blått pass)
- Norsk reisebevis for flyktningar (grønt pass)
- bank ID
Registreringsbevis
Politiet utskriv såkalla registreringsbevis for asylsøkjarar. Asylsøkjarar og dei nære familiemedlemmene deira skal snarast mogleg etter framkomst til Noreg utstyrast med registreringsbevis for asylsøkjar.
Registreringsbeviset baserer seg på søkjars eigne opplysningar (ikkje-dokumenterbare opplysningar). Det kjem fram uttrykkjeleg av utlendingsforskrifta at registreringsbeviset ikkje er å rekna som dokumentasjon på at dei angitte personopplysningane er korrekte.
Registreringsbeviset blir gitt gyldigheit for eit bestemt tidsrom av inntil seks månaders varigheit, og blir inndrege når utlendingen får utskrive reisebevis for flyktning eller utlendingspass, skal forlata Noreg eller elles får tilbake sitt heimlands pass.
Finanstilsynet har i kvitvaskingsrundskrivet sitt uttalt at eit asylsøkjarbevis som inneheld dei opplysningselementa som kjem fram av kvitvaskingslova/-forskrifta etter ei konkret vurdering kan nyttast som gyldig legitimasjon for å etablera kundeforhold som omfattar grunnleggjande banktenester. I grunnleggjande banktenester inngår ikkje legitimasjonsprodukta til bankane BankID og Bankkort med bilete. Registreringsbeviset hadde før hausten 2009 ikkje underskriftfelt, og oppfylte derfor ikkje dei lovfesta krava til legitimasjon for å oppretta eit kundeforhold i banken.
Kjelde: Finans Norge