Frå 1. mars 2016 blir Finansportalen brukt som grunnlag for rentene i statsbankane og skatt på fordel av rimelege lån i arbeidsforhold.
Omlegginga vart foreslått av Regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2016, og ei ny forskrift om berekninga av basisrenta og normrenta vart fastsett 18. desember 2015 Les meir hos Regjeringen.no
Basisrenta
Basisrenta avgjer utlånsrentene til Lånekassen og Husbanken, og blir fastsette med utgangpunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen.
Basisrenta utgjer det aritmetiske gjennomsnittet av dei fem lågaste prisane på bustadlån for kvart av observasjonstidspunkta i observasjonsperioden. Uttrekket tek utgangspunkt i eit standard annuitets bustadlån på 1 500 000 kroner, innanfor 50 prosent tryggleik, med avdragstid på 30 år, ein låntakar på 45 år og for landsdekkjande marknadsområde. Basisrenta blir fastsett innan utløpet av den tiande dagen etter observasjonsperioden. Finanstilsynet publiserer basisrenta på nettsida til tilsynet.